En av våre tidligere formenn har skrevet første del av korets historie
OmSåKor frå starten til 2001
Ført i pennen av Steinar Øydvin og Halvard Mikal Sæbø.
|
Koret starta den 8. mars 1986 i Vadsø. Ideen var i utgangspunktet at det skulle vera eit kor som sang på Kvinnedagen. Men etterkvart har koret hatt som fast tradisjon å synga på 1. mai og på arrangement tilskipa av Human Etisk Forbund, i tillegg til Kvinnedagen. Ideen til namnet, "Om Så Kor", kom på ein korfest. "Om så katti" og "om så kor" er typiske uttrykk i Vadsø. Og det sistnemnde vart eit ordspel som fall i smak på denne festen. * I 1991 vedtok årsmøtet ein eigen Sosialistisk Formålsparagraf. * I 1998 vart koret medlem i Sosialistisk Opplysningsforbund. Koret har delvis sunge tradisjonelle, sosialistiske songar. Men koret har òg lagt vekt på å nå eit bredt publikum. Om Så Kor har difor stått som tilskipar av mange større forestillingar. Av desse kan me blant anna nemna; I samarbeid med Vadsø Trekkspillklubb, - ein Prøysencabaret, og - "Kom Vi Rækanes På Ei Fjøl?", der all musikk er frå Finnmark, - ei latinamerikansk forestilling, i samarbeid med Vadsø Storband, og - ein irsk konsert. Våren 1999 hadde koret ei russisk forestilling. Dette var det første prosjektet til Live W.Ellefsen som kom hausten 1998 til Vadsø. Denne forestillinga tok me faktisk med oss til Russland - Zapoljarnij. Det var ei positiv oppleving. 2000 vart det framført ei fleirkulturell forestilling, i samarbeid med m.a. asylmottaket i Vadsø. Me satsa denne gongen stort med fleire m.a regi hjelp. Resultatet vart svært bra. Våren 2001 var det eksamenskonserten til Live dirigenten vår som stod for tur. Det vart ein svensk konsert, m.a. ilag med den svenske songaren i Varanger ensembelet Solveig Vidarsdottir. Dessverre vart dette siste konserten me hadde ilag med Live Felles for alle desse forestillingane er at kormedlemmene legg ned mykje arbeid, både i det musikalske og det praktiske. Og alle gode eigenskapar blir utnytta. Er nokon flinke til å teikna, så lagar ho eller han plakat. Er nokon flink til dans, så står ho eller han for koreografi. I desse forestillingane har koret dessutan spelt på mykje meir enn berre korsong. I tillegg har det vore bruk av lyrikk, dans, revy, for å nemna noko. |

